Nasjonalsongar i Norden
2
Nasjonalsongar i Norden

Atlantbib

3
4

Alle menneske har ei tilknytning til eit land eller ei folkegruppe. Ofte har ein eit flagg, eit språk og ein nasjonalsong ein kjenner seg knytt til. Her kan du lese om nasjonalsongane i Norden.

5
6

Nasjonalsongen til Finland heiter “Maamme” (Vårt land). Han er opphaveleg skriven på svensk av Johan Ludvig Runeberg i 1848 og oversett til finsk i 1889 av Paavo Cajander. Nasjonalsongen til Estland har den same melodien.

7
8

På Åland har ein sidan sjølvstyret den 9. juni 1922 sunge “Ålänningens sång” (Songen til ålendingane) denne dagen. Han er skriven av John Grandell.

9
10

I Sverige heiter nasjonalsongen “Du gamla du fria” (Du gamle, du frie). Han er skriven av Richard Dybeck i 1844.

11
12

“Ja, vi elsker dette landet” blir brukt som nasjonalsong i Noreg. Han har derimot aldri vorte anerkjend som nasjonalsong i Noreg. Han er skriven av Bjørnstjerne Bjørnson i 1860-åra.

13
14

Samane har ein felles nasjonalsong skriven av Isak Saba i 1906 på nordsamisk. Han er seinare oversett til dei andre samiska språka. Songen heiter “Sámi soga lávlla” (Songen til samefolket). Først i 1986 blei han valgt til nasjonalsongen til samane.

15
16

I Danmark brukast nasjonalsongen “Der er et yndigt land” (Det er eit yndig land) mest. Han er skriven av Adam Oehlenschläger i 1819. Den andre songen heiter “Kong Christian stod ved højen Mast” (Kong Christian stod ved haugen Mast) av Johannes Ewald fra 1778.

17
18

“Nunarput Utoqqarsuanngoravit” (Vårt eldgamle land) har sidan 1916 vore nasjonalsongen til Grønland. Han er skriven av grønlendingen Henrik Lund.

19
20

På Færøyane er nasjonalsongen skriven i 1906 av Símun av Skarði. Han heiter “Mítt alfagra land” (Du mitt særs fagre land).

21
22

På Island er nasjonalsongen ein samle fra 1874 skriven av Matthías Jochumsson. Han heiter “Lofsöngur” (Lovsang). Først i 1983 blei han offisielt anerkjend som nasjonalsongen til Island.

23
24

Kan du synge med på nokre av dei nasjonale melodiane?

25
Nasjonalsongar i Norden

Foto/ Myndir/ Asseq/ Valokuva/ Guvvieh:
S1: Eileen Sandá - commons.wikimedia.org
S4: commons.wikimedia.org
S6-22: norden.org
S24: Ane Cecilie Blichfeldt - norden.org
Forrige side Næste side