Skipta um
tungumál
Islandske jolenissar
Islandske jolenissar

Helga Dögg Sverrisdóttir

þýtt á nýnorska frá Ellen Birgitte Johnsrud
3
4

Dei islandske jolenissane er i familie med troll. Dei er 13 i alt. Før i tida skremde dei born og stal frå folk. I dag gir dei borna noko i skoa t. d. ein mandarin, godteri eller leiker. Born sett skoa i vindauget 13 dagar før jol. Viss borna er slemme, får dei ein potet i skoa.

5
6

Faren til jolenissane heiter Leppalúði og mora heiter Grýla. Det blir sagt at Grýla et slemme barn. Jolekatten som Leppalúði eig, tar barn som ikkje får nye klede til jol.

7
8

Den 12. desember begynner jolenissane å kome til bygda. Den første heiter Stekkjastaur. Før i tida prøvde han ofte å suge mjølka frå sauene i fjøsen hos bøndene.

9
10

Den 13. desember kjem Giljagaur. Før melkemaskinas tid lista han seg inn i fjøsen og stal skummet i mjølkespanna.

11
12

Jolenissen som kjem den 14. desember heiter Stúfur fordi han er den minste. Han stel folk sine steikepanner og et restane i dei.

13
14

Den 15. desember kjem Thvörusleikir oppe frå fjellet. Han sleiker sleiva som gryta blei skrapt med.

15
16

16. desember kjem Pottasleikir på vitjing. Han freistar å finne gryter som ikke er vaska opp, for å sleike restane ut av dei.

17
18

Askasleikir kjem den 17. desember. Han gøymer seg under senga. Viss nokon sette trebollen med mat på golvet, greip han den og sleika alt som var i han.

19
20

Hurðaskellir kjem til husa 18. desember. Han går rundt og smell med dørene, så folk ikkje får sove.

21
22

Han som kjem 19. desember heiter Skyrgámur. Han elskar skyr. Han lista sig inn i spiskammerset og åt skyr frå eit kar.

23
24

Bjúgnakrækir vitjar oss 20. desember. Han likar best å ete tjukke lammepølser og stjel dei der han kan finne dei.

25
26

21. desember kjem Gluggagæir på vitjing. Han er ikkje like grådig som nokre av brørne, men han er nyfiken og glaner inn gjenom vindauga.

27
28

Gáttathefur kjem den 22. desember. Han har ein stor nase og likar særleg dufta av tynne jolebrød (laufabrauð) og andre gode kaker når det blir baka før jol.

29
30

Litlejolaften, 23. desember, kjem Ketkrókur, som er svolten på kjøt. Han nyttar alle knep for å få i seg kjøt.

31
32

Kertasníkir kjem jolaftensdag, 24. desember. I gamle dagar var stearinljos sjeldne og dyrebare. Å få eit ljos var ei stor glede for born i jola. Kertasníkir ville også snike til seg stearinljos.

33
34

Korleis er forteljingane om jolenissar i ditt land?

35
Islandske jolenissar

Foto/ Myndir/ Asseq/ Valokuva/ Guvvieh: S1-34: Þjóminjasafn Íslands www.thjodminjasafn.is
Forrige side Næste side
X